Basic page
Utveksling
Du kan ta delar av utdanninga di i utlandet. Dei fleste studieprogramma har eit tilrådd utvekslingssemester, som regel i femte semester på bachelor eller andre semester på master.
Fristar
Søknadsfristen er 1. februar for utveksling påfølgjande haustsemester og 1. september for utveksling påfølgjande vårsemester.
Krav
Du må ha bestått minst 60 studiepoeng på søknadstidspunktet og ha ein godkjend utdanningsplan. Enkelte partnaruniversitet stiller krav om karaktersnitt eller språkkunnskapar.