Skip to main content

Du kan ta delar av utdanninga di i utlandet. Dei fleste studieprogramma har eit tilrådd utvekslingssemester, som regel i femte semester på bachelor eller andre semester på master.

Fristar

Søknadsfristen er 1. februar for utveksling påfølgjande haustsemester og 1. september for utveksling påfølgjande vårsemester.

Krav

Du må ha bestått minst 60 studiepoeng på søknadstidspunktet og ha ein godkjend utdanningsplan. Enkelte partnaruniversitet stiller krav om karaktersnitt eller språkkunnskapar.

Økonomi

Lånekassen gjev tilleggsstipend til utveksling. Erasmus+ gjev månadleg stipend for opphald i Europa. Universitetet krev ikkje studieavgift ved partnaruniversitet.

Førehands­godkjenning

Emne du skal ta i utlandet, må førehands­godkjennast av fakultetet før avreise, elles risikerer du at dei ikkje inngår i graden din.