Skip to main content

Studentar med funksjonsnedsetjing, kronisk sjukdom, lese- og skrivevanskar, graviditet eller amming kan søkje om tilrettelegging ved eksamen.

Fristar

Søknadsfristen er 1. oktober for haustsemesteret og 1. mars for vårsemesteret. Ved akutt sjukdom eller skade kan du søkje fram til to veker før eksamen.

Kva kan innvilgast

Vanlege tiltak er utvida tid, eige rom, kvilepausar, PC med retteprogram, opplesing av oppgåvetekst og tilpassa møblering.

Dokumentasjon

Søknaden må dokumenterast med fråsegn frå lege, psykolog eller logoped. Dokumentasjonen skal seie noko om korleis tilstanden påverkar eksamenssituasjonen, ikkje berre stadfeste ein diagnose.