Dei fleste bachelorprogram og årsstudium har opptak gjennom Samordna opptak. Master, vidareutdanning og enkelte desentraliserte tilbod har lokalt opptak direkte til universitetet.
Fristar
Ordinær søknadsfrist gjennom Samordna opptak er 15. april. Søkjarar med rett til tidleg opptak eller særskild vurdering har frist 1. mars. Internasjonale søkjarar utanfor EØS har frist 1. desember.
Dokumentasjon
Vitnemål frå norsk vidaregåande skule etter 1994 vert henta automatisk. Annan dokumentasjon må lastast opp innan 1. juli, eller 20. april for søkjarar med 1. mars-frist.
Svarfrist
Hovudopptaket vert publisert 20. juli. Du må svare på tilbodet innan 24. juli. Suppleringsopptak skjer fortløpande fram til studiestart.
Poeng
Konkurransepoeng består av karakterpoeng, tilleggspoeng for realfag og språk, alderspoeng og eventuelle kjønnspoeng. Søkjarar under 21 år konkurrerer i førstegongsvitnemålskvoten.