News
14 juni 2026
Styret har vedteke endringar i eksamensreglementet med verknad frå haustsemesteret. Dei viktigaste endringane gjeld bruk av generativ kunstig intelligens og fristen for å trekkje seg frå eksamen.
Emneskildringa skal no uttrykkje tydeleg om og korleis KI-verktøy kan brukast i den enkelte vurderingsforma. Der bruk ikkje er tillaten, vert innlevering av KI-generert tekst rekna som fusk.
Fristen for å trekkje seg frå eksamen er endra frå sju til fjorten dagar før eksamensdatoen.