Skip to main content

Eksamenreglementet regulerer oppmelding, gjennomføring, fusk, sjukdom og klage.

Oppmelding og trekk

Oppmelding til eksamen skjer i StudentWeb innan 1. september og 1. februar. Du kan trekkje deg frå eksamen fram til 14 dagar før eksamensdatoen utan at det tel som eit forsøk.

Tal på forsøk

Du har tre forsøk per emne. Fakultetet kan innvilge eit fjerde forsøk etter søknad ved særlege grunnar.

Sjukdom

Blir du sjuk, må legeerklæring leverast innan tre verkedagar etter eksamensdatoen. Gyldig fråvær tel ikkje som eit forsøk.

Fusk

Bruk av ikkje-tillatne hjelpemiddel, plagiat og innlevering av tekst produsert av andre, inkludert generativ KI der dette ikkje er tillate, vert rekna som fusk. Fusk kan føre til annullering av eksamen og utestenging i inntil eitt år.

Klage

Klage på karakteren skal sendast innan tre veker etter kunngjeringa. Ny sensur kan gje betre, uendra eller dårlegare karakter.